2 FASTE STILLINGAR SOM PROSJEKTLEIAR - STILLINGSSTORLEIK 100% KVAR
Vil du vera med å utvikle Ullensvang Kommune?
Me treng 2 dyktige, løysingsfokuserte og positive prosjektleiarar på laget vårt i Prosjekt og Utvikling - tenesteområde under sektoren Teknikk og Miljø. Her har me ansvar for utvikling og gjennomføring av investeringsprosjekta i kommunen. Ein spanande jobb i eit godt fagmiljø og på ein arbeidsplass det er lett å trivast.
Det er stor aktivitet på både store og små investeringsprosjekt i åra som kjem innan nybygg, renovering av kommunale bygg, veg og parkanlegg, ras- og flaumsikring og VA (vatn- og avlaupsanlegg).
Desse stillingane vil jobbe spesielt med prosjekt innan Bygg.
Arbeidsoppgåver:
- Hovudansvar for planlegging, gjennomføring og oppfølging av prosjekt i alle fasar, frå A-Å.
- Ansvar for, og sikre at prosjekta vert utført jamfør kontrakter, offentlege krav, lover og forskrifter, (Anskaffelsesloven, Byggherreforskriften, Plan- og bygningsloven mm.), interne prosedyrer og rutiner.
- Sørge for godt tverrfagleg samarbeid både internt og eksternt.
- Ansvar for anskaffing og oppfylgjing av samarbeidspartnarar i heile prosessen; t.d. rådgjevande ingeniørar, entreprenørar mm.
- Ansvar for planlegging og oppfylgjing av prosjektorganisasjon og involvering av ulike brukargrupper, styringsgrupper, referansergrupper, ulike kommunale råd mm.
- Ansvar for at SHA planar vert utarbeid, revidert og fylgd opp gjennom heile byggeprosessen.
- Ansvar for god framdrift og samtidig sikre at HMS alltid vert ivareteke.
- Budsjettansvar for eigne prosjekt.
- Økonomisk oppfylgjing og rapportering.
- Evaluering av gjennomført prosjekt.
- Ansvar for at all arkivverdig dokumentasjon arkiveres i kommunen sitt arkivsystem.
Ynskte kvalifikasjonar:
- Godkjent høgare utdanning innan ingeniørfag eller annan teknisk kompetanse.
- Gode digitale ferdigheiter.
- Erfaring og kompetanse frå prosjektleiing innan byggfag, VA eller vegprosjekt. I denne utlysinga legg me spesielt vekt på bygg.
- Erfaring frå kommunal sektor er fordel men ikkje eit krav.
- Kunnskap og erfaring innan klima, energi og miljø er ynskjeleg.
- Struktur og budsjett-disiplin i prosjektgjennomføring.
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Vårt skriftspråk er nynorsk.
- Førarkort klasse B, og du må disponere eigen bil i teneste.
Personlege eigenskapar:
- Gode samarbeidsevner og god lagspelar.
- Løysingsfokusert og ser etter moglegheiter.
- Engasjert, fleksibel og likar utfordringar.
- Strukturert og resultatorientert.
- Målretta og evne til å jobbe sjølvstendig.
- Framoverlent og likar god framdrift.
- Viser stoltheit for arbeidsplassen og er ein god omdøme-byggjar.
- Trivast med å jobbe tverrfagleg.
- God på deling av kunnskap og involvering.
- Positive haldningar og godt humør.
- God bidragsytar til eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.
Me tilbyr:
- Unik moglegheit å vere med å utvikle nye Ullensvang kommune.
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Utvikling av eigen kompetanse.
- Eit sterkt lag og godt fagmiljø.
- Eit godt og positivt arbeidsmiljø.
- Arbeidsplass i Odda og/eller Kinsarvik.
- Løn etter avtale.
- Fleksibel arbeidstid og fleksibilitet i bruk av heimekontor.
- Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen.
- Gode offentlege tariffesta pensjons- og forsikringsordningar.
- Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA-avtale) og fleksibel arbeidstid.
Stillingane er ledig frå 15. august eller etter avtale.